Komande arrangement på Nedreskodje gard
Rakfisk-kveld i Nerskøyløa
Velkomen til rakfisk-kveld fredag 29. november kl. 18.00.
Open pub frå kl. 19.30-01.00
Pris kr 500,- per person.
Påmelding innan tysdag 26. november.

Stig Ulv: Gitardikt og instrumentalmusikk
Ein konsert med Stig Ulv er ei blanding av musikk, dikt og bilete. Tek du turen på konsert vil du garantert få ei kjenslelada oppleving i form av anten latter eller tårer. Dette er artisten som ikkje tek seg sjølv høgtidleg og verkeleg byr på seg sjølv.
Pris: 250

Ølsmakarkveld
Inge Staldvik frå Skjenkestova i Skorovatn kjem til Nerskøyløa fredag 29. september. Staldvik vil presentere og by på ti ulike ølsortar. Her får vi både gode historier og gode smakar.
Pris 550

Fjord Cadenza: Avslutningskonsert // 30-års jubileumskonsert
Ein billett - 2 konsertar!

Fjord Cadenza: Operapub
OperaPub er ein fantastisk måte å oppleve opera på. Anten du aldri har opplevd sjangeren, om du et opera til frukost, eller noko midt i mellom, er dette noko som må opplevast. Dette er eit høve til å kome tett på nokre av Noregs største operasongarar, og møte sjangeren i ei uformell drakt.

Kornøl: Det norske urølet 24. mars 2023
Kornøl: Det norske urølet. Korleis brygge med kveik?
Lars-Marius Garshol er truleg den største eksperten på gardsøl og kveik i Noreg. I dette foredraget får vi høyre om kvar kornøl kjem frå, kvifor det har sjokkert ølekspertane i utlandet, og korleis det var ein sentral del av norsk bondekultur.
Pris 400

Lygarkveld 23. april 2022
23. april 2022 er det Lygarkveld på Låven i Nerskøyløa. Her skal lokale heltar få boltre seg, og latteren kjem til å sitte laust.
Pris kr 200

Ølsmakarkveld 1. april 2022
Inge Staldvik frå Skjenkestova i Skorovatn kjem til Nerskøyløa fredag 1. april. Han vil presentere og by på ti ulike ølsortar. Her får vi både gode historier og gode smakar.
Pris 550

Julekonsert med Maria Holand Tøsse og Spark 4. desember 2021 FULLT
Velkomen til julekonsert med Spark og Maria 4. desember 2021.

Julekonsert med Maria Holand Tøsse og Spark 3. desember 2021 FULLT
Velkomen til julekonsert med Spark 3. desember 2021.

Havets festbord 23. oktober
Velkomen til havets festbord 23. oktober 2021.
Pris kr 600

Fjord Cadenza 2021: Operapub 14. august 2021
Operapub er ein fantastisk måte å oppleve opera på! Dette er eit perfekt høve til å komme tett på nokre av Noregs største operasongarar, og møte sjangeren i ei uformell drakt. Medverkande: Magne Fremmerlid, Charlotte Fongen, Birgitte Velsvik, Markus Bjørlykke. Piano: Martin Bredin
Pris: 200 kr

Edvard Hoem og Jorunn Marie Kvernberg 12. august 2021
Fjord Cadenza inviterer til musikalsk samtale mellom Jorun Marie Kvernberg og Edvard Hoem. Edvard fortel fra boka Felemakaren og Jorun Marie vil spele slåttar frå Romsdal.
Pris: 220 kr / 270 kr
Sunnmørsk tradisjonsbrygging18. juni 2021
Vi ynskjer velkomne til ein kveld med Sigurd Johan Saure, som i i 2019 starta opp kurs i sunnmørsk tradisjonsbrygging under namnet «Kveiktraining.com». Du får lære kvifor «alle» no har vendt blikket sitt mot Vestlandet og vår eldgamle øltradisjon og kva som EIGENTLIG er forskjellen på konnjøl og pils. Du kan stille spørsmål undervegs og truleg får du ei smaksprøve av ekte Bryllaupsøl i løpet av kvelden.
Pris kr 300

Ølsmakarkveld
Ølsmakarkveld på Låven i Nerskøyløa. Inge Staldvik er drivar av “Skjenkestova” i Skorovatn i Namskogan. Han driv ein av dei mest spesielle og mest populære pubane i Noreg. I puben har han omlag 600 ølsortar frå heile verda. Denne kvelden får de ølhistorikk og ein smak på 10 ulike øl.
Pris kr 550

Påsketapas 31. mars 2021
Vi må diverre avlyse Påsketapas grunna skjenkestopp i Ålesund kommune frå 21. mars til 11. april.
Skrøppatausene har brukt starten av påska til å sy saman eit smakelag vi neppe har sett makan til tidlegare i Skodje. 12 ulike rettar vil freiste til oveting, så her e det berre å “knyse ti sej”
Pris kr 550

Tapas-kveld 5. mars 2021
Vi ynskjer velkomne til tapaskveld på låven i Nerskøyløa fredag 5. mars kl. 18.00.
Pris kr 550
Rakfisk-kveld 19. februar 2021
Vi ynskjer velkomne til rakfiskkveld på låven i Nerskøyløa fredag 19. februar kl. 19.00. Her blir det servert rakfisk frå Olav Wangensten i Valdres. Det blir fortellingar om rakfisk og om akevitt. Turvande drykk blir å få kjøpt i baren.
Pris kr 400 (inkludert rakfisk, dessert og kaffi)