Reglar og retningsliner
Generelle retningsliner
Skjenkebevilling
Nedreskodje gard har skjenkebevilling for øl, vin og brennevin i bygga på garden, samt ute på gardplassen og plenen. Vi har også skjenkebevilling i Kyrkjenaustet og på plenen og i amfiet utanfor naustet.
Skjenkebevillinga gjeld i tidsromet 08.00–01.00.
Ved arrangement der det blir servert alkohol, krev bevillinga at det er personale frå Nedreskodje gard som serverer.
Personar med medbrakt alkohol blir bortvist.
Regjeringa fortset gjenopninga av samfunnet
På ein pressekonferanse fredag presenterte Regjeringa endringar i dei nasjonale korona-tiltaka som m.a. er retta inn mot serverings- og skjenkestadar, ved innføring av trinn 3 i gjenopningsplanen.
Endringane trer i kraft med verknad frå søndag 20. juni 2021, kl. 12.00.
Tilråding for heile landet
· Hald 1 meter avstand.
· Hald hendende reine.
· Hald deg heime dersom du er sjuk.
Endra skjenketider
Skjenkestopp kl. 24.00 vert oppheva (nytt). Skjenketida er då tilbake til normaltid; i Ålesund kommune skjenkestopp kl. 02.00.
Gjestar har 30 minutt til å drikke opp utskjenka alkohol etter skjenkestopp.
Reglar som vert vidareført
Gjestar skal ikkje sleppast inn på skjenke-/serveringsstaden etter kl. 24.00.
Framleis krav om redusert tal på gjestar (avgrensing i høve areal og avstandskrav).
Framleis krav om registrering av gjestar.
Framleis krav om sitjeplassar til alle gjestar.
Framleis krav om 1 m avstand.
Framleis krav om bordservering av alkohol.
Arrangement
Private arrangement - Inntil 100 personar på offentleg stad eller i leigde/lånte lokaler, inne og ute. (nytt)
Ein vert oppmoda om å halde arrangement utandørs heller enn innandørs.
Rådet om avstand (1 m) gjeld framleis, men beskytta kan ha nær sosial kontakt (under ein meter) med andre beskytta, og ubeskytta som ikkje er i risikogruppe. NB! Dette gjeld kun for arrangement!
Personar som ikkje er beskytta og som kjem frå område med høgt smittetrykk bør ikkje oppsøke arrangement i andre kommunar.
Reglar for parkering
Parkering skal skje på merka område mellom prestegarden og våningshuset, evt. på nordsida av parkeringsplassen ved garasja.
Retningsliner ved utleige
Bestilling
Bestillinga er bindande.
Etter bestillinga tar vi kontakt og avtaler tidspunkt for pynting og arrangement, mat, drikke, program, behov og ønsker.
Betaling
Leige for ønska lokale blir betalt ved bestillinga.
Ferdigpynta lokale kr. 2000
Leige av kvite stoltrekk kr. 20 pr. stol.
Betaling i baren med Vipps.
Branninstruks
Leigetakar er brannansvarleg under sitt arrangement.
Leigetakar skal kjenne til og informere deltakarane om rømningsvegar og brannslukkingsapparat.
Leigetakar skal vere informert om sikringsskap.
Ved brann skal brannvesenet varslast på 110.
Nøklar
1 sett nøklar blir delt ut til leigetakar, som også er ansvarleg for å levere dei tilbake.
Kjøkken
Kjøkkenet er disponibelt for leigetakar, men er ikkje godt eigna til å lage mat til store arrangement.
Mat
Vi anbefalar gjerne cateringfirma vi har gode erfaringar med.
Vi kan også hjelpe med å skaffe serveringshjelp.
Kaker skal vere ferdig pynta på fat. Vi har kakespadar.
Fasilitetar
(gjeld låven og fjøsane)
Dekketøy til 65 personar
Lysestakar og telyshaldarar
Vasskaraflar
Kjølerom
Kjøleskap med liten fryseboks
Steamer og oppvaskmaskin
Steikomn
2 varmeplater
Dobbel kaffitraktar
Vasskokar
Mobilt lydanlegg
Trådlaus wifi
Uteområde med hage og sittegrupper
Handicaptoalett
Låvebrua er tilrettelagd for rullestolbrukar
Låven disponerer 8 bord a’ 120 cm lang, 90 cm brei og 2 klaffer a’ 50 cm
Stolar
(Leigetakar må sørge for dukar, serviettar, levande lys og kakefat.)
Rydding av lokala
Alle lokale som er brukt skal ryddast og feiast etter bruk. Utleigar vasker golv og toalett etter bruk.
Oppvask skal skyllast og settast i steamer eller oppvaskmaskin.
Fat, glas, koppar og bestikk skal settast på same plass som dei stod.
Er steikomnen brukt, skal denne reingjerast. Kjøkkenbenken skal gjerast rein.
Leigetakar låser alle dører og vindu etter bruk. Sjekk at alle levande lys er sløkte.
Søppel skal samlast i sekkar og settast utanfor inngangsdøra.
Overnatting
Vi tilbyr ikkje overnatting på garden, men vi kan hjelpe til med å finne overnatting.
Uhell og skadar
Skadar som er gjort av leigetakarane og deira gjestar, skal meldast og dekkast av leigetakar.
Ved uhell og skadar som krev ekstra opprydding/reingjering, skal dette dekkast av leigetakar.
Generell informasjon
Vertskapet heiser og firar flagget etter gjeldande flaggreglar.
Servering sluttar kl. 01.00. Alle må vere ute av lokalet kl.01.30.
Leigetakar må sørge for dukar, serviettar, levande lys og kakefat.
Det er røykeforbod inne, på verandaen og i inngangspartiet.