Tilbake til alle arrangementer
Stig Ulv: Gitardikt og instrumentalmusikk
2. november 19:00
Ein konsert med Stig Ulv er ei blanding av musikk, dikt og bilete. Tek du turen på konsert vil du garantert få ei kjenslelada oppleving i form av anten latter eller tårer. Dette er artisten som ikkje tek seg sjølv høgtidleg og verkeleg byr på seg sjølv.
I 11 år har han reist land og strand med gitarane sine og skapt ulike stemningar med inspirasjon ifrå både pop-,vise- og jazz-sjangeren. Stig Ulv har tidlegare gitt ut 7 plater og 1 bok. No er han klar med plata Horgitarar og boka Gitardikt.
Kom og la deg overraske på konsert.
I følge Tom Stalsberg i Dagbladet er Stig Ulv “ein leiken hybrid av Ry Cooder og Knut Reiersrud”.
Stikkordet er nynorsk instrumentalmusikk og nynorsk instrumental-lyrikk.
Pris 250