
Komande arrangement på Nedreskodje gard
Aktivitetar
Bryllup, barnedåp, konfirmasjon og bursdagar er fine tradisjonar å feire i eit lokale med tradisjon og historie. Nedreskodje gard kan krydre arrangement med gardssoge, bruvandring over Skodjebruene, ølkurs eller lagbygging.
Bryllaup
Nerskøyløa er som skapt for bryllaup. Brudeparet får tidleg tilgang til lokalet, så det er god tid til pynting og andre førebuingar. Til og med rammer for bryllaupsbilde kan vi finne på garden.
Kurslokale
Vi har til kurslokale; låven med inntil 50 plassar og saudefjøsen med inntil 16 plassar. Det er prosjektor og skjerm på låven. I saudefjøsen er det storskjerm på vegg. Vi har også flip-over.






Om oss
Bjørn av Nedreskodje er 13. generasjon eigar og drivar på Nedreskodje gard.
Saman med festarmøya Trude Haanes har han restaurert garden og starta kurs- og selskapslokalet Nedreskodje gard. Frå 1. februar 2021 driv dei Nedreskodje gard på full tid.
Bjørn brenn for å skape ein stad for meiningsfulle stunder og gode møte mellom menneske. Han har eit stort repertoar av lokale historier og kan også bidra med kulturhistoriske opplevingar og lagbyggingsøvingar av mange slag.
Kontakt Bjørn Nedreskodje på e-post: bjorn@nedreskodje.no eller telefon: 951 87 752.